Prosjekter

Sotra RK deltek kontinuerleg fleire prosjekt. Det største prosjektet vårt er den årlege Yrkesmessa. Her får ungdomsskuleelevar sjansen til å orientera seg om framtidige studieretningar og yrkesval. 


Sotra Rotaryklubb har og fleire nasjonale og internasjonale prosjekt som du kan lesa om på denne sida. 

equador-vimpeloverrekkjing
Gunnar Fjell mottek takk frå Rotaryklubben i Quito i Equador
Som ein del av den internasjonale Rotaryorganisasjonen bidreg vi kvart år med økonomisk støtte for m.a. utrydding av polyomylitt. Her har Rotary internasjonalt gjort eit stort arbeid over mange år. 

Sotra Rotaryklubb bidreg og i det nasjonale prosjektet Handicamp, der handikappa frå heile verda får ein sjanse til å vera på leir saman i Norge. Dette arrangementet har vorte svært populært over heile vera. 

Gjennom samarbeid mellom Rotaryklubbane i distriktet arbeidar vi med utveksling og opplæring av skuleungdom og ungdom som har interesse for internasjonale studiar. 

Lokalt har Sotra Rotaryklubb mange prosjekt. Yrkesmessa er det største, årlege prosjektet, men klubben støttar og arbeidet med Fjell festning, gjev hjelp til handikappa og gjev litt støtte til skuleklassar og organisasjonar som arbeidar for internasjonal sameksistens. 

Sotra Rotaryklubb har gitt mykje støtte til det arbeidet som Kenneth Bruvik gjer for barn og ungdom i kommunane våre. Kenneth Bruvik har og fått utmerkinga Paul Harris for det arbeidet han utfører. Les meir om dette under andre artiklar på sidene våre. 

Sotra Rotaryklubb deltek og i internasjonale prosjek. Vi har mange år støtta hjelpearbeidet for fatige born i Quito i Equador. Saman med den danske vennskapsklubben vår, Rosenholm Rotaryklubb, har vi gitt støtte til ein skule i Polen og vi har no eit prosjekt mot ein skule i Pascani i Romania (Fjell kommune sin vennskapskommune) for å skaffa skulen betre undervisningsutstyr. 

Sotra Rotaryklubb er stolte av at vi gjennom arbeidet vårt har klart å hjelpa mange til ein betre kvardag.