Tysdag 20.9.2016 var Rådmannen i Fjell kommune  på vitjing hos Sotra Rotary Klubb. Han held eit svært interessant innlegg om status i Fjell kommune og den vidare utviklinga.

Før han slapp til med foredraget sitt, fortalde Frank Karlsen at han hadde observert Makrelstørje på vågen nedanfor huset sitt på Storhilderen. Dette var første gong på sikkert 40 år - ei storhending.

Klubben hadde og vitjing av Bjørn Hove frå Bergen Vest Rotary Klubb. Bjørn var initiativtakar og aktiv i chartinga av Sotra Rotary Klubb i 1985. Bjørn promoterte Citymøte som skal haldast på Quality Hotel Edverd Grieg måndag 17.10.2016 kl. 18.00. Dette møtet omhandlar hjertet og det vil vera fleire foredragshaldarar som har innlegg om dette temaet. Ei høgst aktuel sak for oss Rotarianarar. Han ville gjerne at vi tok med oss ledsagarar og andre kjende som kunne ha interesse av temaet. Inngangspris er kr. 200,- pr. person. Det vil bli servering på møtet.


Steinar Nesse hadde mange tema på tapetet denne kvelden, men først av alt takka han for gåva, vennskaps-benkjer, som Sotra Rotaryklubb har gitt til skulane i Fjell kommune. Denne gåva sette dei umåteleg stor pris på.

Første tema var Kommunereformen. Her kunne Nesse fortelja at frå 1.1.2020 ville dei 3 kommunane Fjell, Sund og Øygarden ver ein kommune. Namnet på den nye kommunen vert Øygarden - det står fast.

Den nye kommunen vil få 40.000 innbyggjarar og vera den nest største kommunen i Hordaland (eller regionen). Dei 3 kommunane har ulikskapar både med omsyn på kultur, arbeidskultur og politisk kultur. Dei tre neste åra må brukast til "harmonisering" på desse områda. Det var alt sett ned ei nemnd med 8 representantar frå Fjell, 5 frå Sund og 4 frå Øygarden. Når denne nemnda kjem i sving vil det viktigaste arbeidet vera å kartleggja behovet for justeringar framover. Først kartleggjing, så investering og så gjennomføring av "harmoniserings-oppgåvene". Han nemnde m.a. IKT, dei kommunale selskapa (vatn/kloakk), pensjonsordningar, personal-reglement, arbeidstid o.s.v. Det er eit stort omfang av oppgåver som må koordinerast før 1.1.2020.

Det vil bli eit "generasjonsskifte" i den nye kommunen pr. 1.1.2020. Den nye kommunen vil redusera talet på tilsette med bortimot 200 stillingar jamført med dei 3 kommunane i dag. Dette skjer 1.1.2020. Ein kommune på 40.000 innbyggjarar er ein optimal storleik for å driva ein kommune effektivt, så dette meinte Nesse ville gå bra.

P.g.a. at eksisterande Øygarden kommune tek inn over NOK 150 mill i eigedomsskatt pr. år, ville den nye kommunen og innføra eigedomsskatt - den vil bli på ca. NOK 200 mill. pr. år. Med 200 ferre tilsette og eigedomsskatt på NOK 200 mill vil den nye kommunen få godt handlingsrom for tiltak i kommunen. Ein solid økonomi er viktig for å driva effektivt og godt for innbyggjarane.

Neste tema var Sotra-sambandet. Det er no endeleg semje om korleis dette sambandet skal utformast. Nesse hadde von om at dei klarde å få saka behandla på Stortinget før sommarferien neste år. Dersom dette gjekk bra ville arbeidet kunna starta raskt. Det vil verta eit fantastisk anlegg - m.a. sykkelstiar på 5,5 meter breidde. Prosjektet er kostnadsrekna til NOK 9 mrd. Sidan prosjektet må delvis bompengefinansierast må det påreknast ca. kr. 40,- pr. bompassering - bommen vil stå midt på brua.

Dersom Ågotnes vert vald som ny hamn for Bergen, vil vegstrekket Kolltveit - Ågotnes kunne endrast frå Fylkesveg til Riksveg. Dette vil medføra at denne vegstrekninga kan byggjast langt tidlegare enn om Fylket skal stå for bygginga. Nesse var litt tvilande til intensjonsavtalen for det "nye fylket" (Rogaland, Hordaland og Sogn og fjordane) der styring av vegutbygginga vil liggja i Leikanger. Han trudde ikkje denne avtalen ville halda seg så lenge.

Det siste temaet var arbeidsløysa. Fjell kommune har i dag ei arbeidsløyse på 5,4%. Dette er veldig høgt jamført med andre kommunar i Hordaland og det medfører tapt skatteinngang på ca. kr. 30 mill pr. år. Det er alvorleg når mange folk misser arbeidet og Fjell kommune har sett i verk mange tiltak for å demma opp om den negative utviklinga.Kommunen har sett igang mange prosjekt - m.a. utbygging av Helselandsbyen i Fjell, utviding av Landro skule, Ågotnes barnehage o.s.v. I tillegg til desse store prosjekta har kommunen sett igang 70 mindre tiltak.  Alle prosjekta og tiltaka vert utførde av lokale entrepenørar. Dette er med på å demma opp for ei aukande arbeidsløyse. I tillegg har Fjell kommune gått til innkjøp av leiligheter for NOK 210 mill. Desse leilighetene skal nyttast til flyktningar og andre som treng bustad, men Fjell kommune vil og disponera ei rad leiligheter som kan kjøpast av unge bustadsøkjande med prisar ned mot 1,3 mill kr.

Fjell kommune vil og arbeida for at "distrikta" i kommunen får betre kollektiv-tilbod. I dag går f.eks. siste bussen frå Straume til Landro kl 4 om ettermiddagen. Her vil det bli endringar. Buss-tilbodet frå Straume til Bergen fungerar i dag utmerka.

Nesse var og bekymra for det store fråfallet av ungdom etter vidaregåande. Det var svært lite tilbod til lærlingar, noko som medførde at mange unge fall ut av arbeidslivet svært tidleg. For 5 år sidan hadde bedriftene i Fjell kommune 120 lærlingeplassar pr. år, no var talet ned i 20. Fjell kommune prøvde å bøta på dette med å ta inn fleire lærlingar i kommunen, men dei klarde ikkje demma opp for fråfallet i dei lokale bedriftene. Han appelerte derfor sterkt for at bedrifter på Sotra måtte ta inn lærlingar. Ta kontakt med Grethe Bjorøy i L2L.

Nesse fekk mange spørsmål under og etter foredraget sitt - interessa var veldig stor for dei temaane som vart tekne opp. Inkommande president Jens Gunnar Turøy, som styrde møtet denne kvelden, overleverte Nesse ei bok som takk for det interessante foredraget. Møtet slutta berre litt over fastsett tid, men praten gjekk livleg vidare utover kvelden


Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Rødekors-huset
Adresse: Blombakkane 17
Postnummer: 5353
Sted: Straume
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 20:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møter hver tirsdag. Møtet varer 1 time.

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

Nyheter Fra vårt District:


Loading RSS...